Dersom du vil sjå kva opplysningar som er registrert på det nasjonale lånekortet ditt, kan du logge inn på nettsida til nasjonalt låneregister.
Lånekortskjema
For å få lånekort kan du registrere deg på websida eller fylle ut registreringsskjema når du er på biblioteket. Ta med gyldig legitimasjon som inneheld personnummer og bilde når du hentar lånekortet.
Ta alltid med lånekortet når du skal bruke biblioteket. Du er ansvarleg for alt som blir lånt på kortet ditt. Det er enkelt å legge inn lånekortet på mobilen. Last ned Bibliofilappen i Appstore for iPhone/iPad og Google play for Android-einingar.
Meld frå til biblioteket om du endrar namn, adresse, telefonnummer eller e-postadresse. Du kan også endre opplysningane på Mi side.
På Mi side kan du søke, bestille, reservere og fornye lånetida på bøker. Du kan melde frå om interesseområde, slik at du får e-post når nye titlar innanfor interesseområda blir bestilt. Her er meir om Mi side.
Dersom du ikkje overheld lånetida, blir det sendt to påminningar på e-post/sms. Blir lånt materiale tapt, skadd eller ikkje levert, skal det erstattast etter biblioteket sine reglar. Faktura med erstatningskrav pluss administrasjonsgebyr på kr. 100 blir sendt lånar. Erstatningsbeløp blir kreditert dersom du leverer før rekning er betalt. Etter at rekning er betalt, vert det ikkje refundert.
Personvern
- Ålesundsbiblioteka behandlar personopplysningar i samsvar med personopplysningslova og GDPR - EU si personvernforordning.
- Biblioteket treng opplysningar om namn, adresser, telefonnummer og e-postadresser for å kunne administrere utlån og formidle fjernlån av materiale til brukarane. Når ein registrerer seg som lånar, gir ein samtykke til at biblioteket tek vare på desse opplysningane.
- Opplysningane som blir registrerte i biblioteket sitt datasystem, blir ikkje brukt til andre føremål enn å administrere utlån/innlån og samle statistikk over bruken av biblioteket (statistikken er generell, ikkje knytt til enkeltpersonar).
- Personnummeret blir ikkje lagra lokalt, men blir nytta i det nasjonale låneregisteret
- Lånar kan velje å vere registrert som lokal lånar, då treng ein ikkje gi opp personnummeret.
- Dei tilsette ved biblioteket har teieplikt og gir ikkje informasjon om lånarane eller kva dei låner til uvedkomande, korkje andre brukarar, andre tilsette/verksemder i kommunen, andre bibliotektilsette eller politi/andre styresmakter. Dei tilsette i biblioteket har ikkje informasjon om kva ein lånar har lånt i andre bibliotek.
- Innsyn: Låneren kan sjølv logge inn på heimesida til biblioteket, nytte appen Bibliofil og sjå kva opplysningar som er registrert på sin eigen lånarkonto, eller be om å få sjå informasjonen på biblioteket.
- Utlånshistorikk: Utlånshistorikk (kva ein lånar har lånt) kan ikkje takast vare på utan at lånaren ber om det.
- Lånaren kan be om at hans/hennar opplysningar i lånerregisteret blir sletta.
Kontakt biblioteket dersom du ynskjer meir informasjon om kva opplysningar biblioteket lagrar om deg som lånar!