Silje Giske Photography

Silje Giske er i ferd med å gjere hobby om til levebrød og har nett starta eige føretak, "Silje Giske Photography". I september stiller ho ut bilete på fotogalleriet til Ålesund bibliotek.

"Draumen er å leve av hobbyen min. Eg og kameraet høyrer i hop på eit vis, det er slik eg kjenner det"". Det heile byrja yst ute på Staurneset på øya Giske, der solnedgangane er mange og tett på. Slik henta Silje inspirasjon til å ta opp kameraet for omtrent 12 år sidan. Etter kvart har det balla på seg med både erfaring og fotooppdrag. No fotograferer ho alt frå bustadfoto til portrett og abstrakte motiv, og utforskar stadig nye teknikkar med kameraet. Alt er sjølvlærd. I denne utstillinga får publikum sjå eit lite knippe av det siste som har vore med på å inspirere Silje.

Utstillinga kan sjåast i biblioteket si opningstid i heile september.

Velkomen!

Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51
alesund.bibliotek@alesund.kommune.no