Stemninger

Stemninger er namnet på fotoutstillinga Sissel Aarhaug Basso stiller ut på fotogalleriet til biblioteket i sommar. For Sissel handlar fotografering om nærvær og stemningar. Eit bilete kan skape ulike kjensler hos ulike mottakarar, både på godt og vondt. Det er som ei fryst scene der sjåaren skapar handlinga. Sissel Aarhaug Basso er utdanna innan marknadsføring, samfunnsutvikling og idehistorie. Fototeknikken hennar er sjølvlært, men forståinga av kva fotografiet handlar om er blant anna lært gjennom fleire workshops med Morten Krogvold. Aarhaug Basso er fødd og oppvaksen i Ålesund, og bur på Giske der fleire av motiva er teke frå.

Kom og sjå bileta på Ålesund bibliotek sitt fotogalleri i juni og juli!

Velkomen!

Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51
alesund.bibliotek@alesund.kommune.no