Strøm film på Filmoteket

 

Med bibliotekkortet ditt får du no tilgang til Filmoteket, bibliotekas nye strømmeteneste for film.

Ønskjer du å låne ein god film når biblioteket er stengt? No kan du enkelt låne film med bibliotekkortet ditt, utan at du treng å gå innom biblioteket. Har du eit nasjonalt bibliotekkort knytta til eit av Ålesundsbiblioteka, kan du låne film på Filmoteket. Eit av Ålesundsbiblioteka må vere registrert som ditt hovudbibliotek.

Filmtjenesta blir levert og drifta av Norgesfilm AS og vart lansert 6. april 2020. 

Slik gjer du:

Gå til www.filmoteket.no og vel logg inn i menyen. Klikk på Registrer ny brukar. Tast inn lånekortnummer og passord/pinkode. Pinkoden er den same som i Bibliofilappen og på Mi side.
NB! Heimebiblioteket ditt må vere registrert som eit av Ålesundsbiblioteka.
Skriv inn e-postadressa di og lag eit passord. Dette passordet bruker du når du skal logge inn på Filmoteket. Sjekk e-posten din, og bekreft meldinga frå Filmoteket.
Når ein er innlogga og skal låne film, må ein og taste inn pinkoden.
Du kan låne 5 filmar kvar månad. Dei er tilgjengelege i 48 timar.

Sjekk Filmoteket for fleire spørsmål og svar om strømmetenesta.

Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51
alesund.bibliotek@alesund.kommune.no