Livsnerven av Tanya Ione Ivey

Tanya Ione Ivey vart uteksaminert frå Ålesund kunstfagskole i vår, og i desember skal ho stille ut bilete ved fotogalleriet til Ålesund bibliotek. Utstillinga har fått tittelen «livsnerven», og livets nerve er eit sentralt tema i  Ivey sin kunst. Om bakgrunnen for utstillinga fortel fotografen: «Eg er oppteken av dei nære tinga i livet, som utfordringar, samspel, leik, harmoni og kjærleik. Det menneskelege som treff ein av og til. Eg prøvar å formidle gjennom avbildingar, ofte ved bruk av symbolikk. Med bileta mine vil eg vise eit variert mangfald frå både menneske, fuglar og natur som har tala til meg».
Fotoutstillinga er tilgjengelig i biblioteket si opningstid i heile desember.

Velkomen!

Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51
alesund.bibliotek@alesund.kommune.no