«Naturens skjønnheter i fjær og pels» av Gabriel Feodorov

I november kan du sjå ei imponerande utstilling av fotografi frå dyreriket på fotogalleriet til Ålesund bibliotek. Det er Gabriel Feodorov frå Romania som stiller ut bilete med tittelen «Naturens skjønnheter i fjær og pels». Feodorov flytta til Noreg for nokre år tilbake, og lot seg inspirere av landets ville og vakre natur. I denne utstillinga vil han vise fram noko av skjønnheita han har fanga på kameraet sitt rundt omkring i Ålesund, og også nokre bilete frå Dovrefjell. Nokre av bileta har han teke i nærleiken av sin eigen heim på Gåseide. Med dette ynskjer han å vise at ein ikkje treng å reise fleire tusen mil, eller bruke mykje pengar for å drive med hobbyen sin. Du kan gå ut i hagen eller næraste skog, og likevel komme tett på dyr og  fuglar i sitt naturlege element. Utstillinga gjev oss eit fascinerande innblikk i naturen og dyra som omgir oss. På bileta har han fanga nysgjerrigheit, kjærleik, kamp og vennskap, men på ein litt annan måte enn det vi ser frå menneske. Dette er den reine versjonen frå dyreriket.

Utstillinga er tilgjengeleg i biblioteket si opningstid i heile november.

Velkomen!

Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51
alesund.bibliotek@alesund.kommune.no