Lever innan fristen
Ålesundsbiblioteka får no felles rutinar for purring og erstatning av bøker. Biblioteket sender ut to varsel, på e-post eller SMS. Dersom bøkene då ikkje vert returnerte, må dei erstattast etter faste satsar. Du vil få ein faktura frå oss. Gjer slik:
- Har du bøkene? Lever tilbake alt du har lånt og betal administrasjonsgebyret på kr. 100. Bruk fakturaen du fekk tilsendt, men juster beløpet til kr. 100. Bruk same KID-nummer.
- Finn du berre nokre av bøkene? Lever dei tilbake, juster beløpet på fakturaen og betal.
- Finn du ikkje noko av det du har lånt, må du betale heile beløpet på fakturaen.
Kvifor må eg betale eit fast gebyr i tillegg?
- Gebyret dekker kostnader ved å sende faktura, i tillegg til ekstraarbeidet biblioteket har med å skaffe materiale tilbake og klargjere for utlån.
Eg fann boka etter at faktura er betalt. Kan eg få igjen pengane?
- Nei, men vi kan vurdere om vi vil kjøpe boka tilbake. Det kan vere aktuelt om vi kan dekke eit hol i samlinga eller serien ved å kjøpe tilbake materialet.
Spørsmål eller klagar som gjeld erstatningar:
Ta kontakt enten personleg i biblioteket, eller ta kontakt på e-post eller telefon:
alesund.bibliotek@alesund.kommune.no, tlf. 70162260.