ØVRELJØEN070620

Fotoutstillinga ved Ålesund bibliotek i september har fotograf Rune R. Kleiven kalt ØVRELJØEN070620. Utstillinga er eit resultat av eit møte mellom dansaren Martha Standal og Ålesund Strykekvartett på fjellgarden Øvre Ljøen på Hellesylt i juni. Konserten vart strømma frå scena på garden.
Kleiven var dreng på garden i sin ungdom, og med ein ballast av historie og historier frå denne staden, får bileta eit ekstra lag. Fotografen håpar likevel at bileta i seg sjølv skal få ein litt ut av balanse, som er målet Kleiven har med sin fotokunst.
Gamledrengen fekk eit flashback då han satt på tunet til forfedrane sine og opplevde Martha Standal danse. I følgje segnet blei ei jente i gamle dagar lokka inn i fjellet av trollfolket, like nedanfor der scena står i dag. Dei leita etter jenta i den bratte fjellsida, i skogen, i fossar og i elvefar, men jenta var forsvunnen. Til slutt rodde dei inn til Hellesylt, henta kyrkjeklokka og ringte med ho utanfor bergveggen for å forsøke å fri ho frå trollpakket. Då vert det ein annan dans.
Det var Rune R. Kleiven som i si tid tok initiativ til fotoveggen på biblioteket, og denne gongen måtte han utnytte at veggen er svart, noko som han eigentlig ikkje føretrekker. Dans er bevegelse, som her vert fryst i enkeltbilete, og han har valt motiv og format for å illudere ein  gammaldags filmrull i eit svart rom. Dei som er gamle nok, kunne oppleve ein pause i kinoframsyninga medan maskinisten skifta filmrull.
Utstillinga er tilgjengeleg i biblioteket si opningstid i heile september.

Velkomen

Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51
alesund.bibliotek@alesund.kommune.no