«Mellom fjære og flo»

 

I august er det Nora Kirkbak som stiller ut bilete på fotogalleriet til Ålesund bibliotek. Sist gong var det bilete av fluger som var tema, denne gongen er det sand og dei fascinerande mønstera som kjem til syne ved fjære og i sjø. Alle bileta er teke på Vigra, og dei fleste er teke på vinteren. Kirkbak fortel at det har blitt mange kalde og vindfulle dagar ute ved havet dei siste åra, då det er den lave, svake vintersola som gir det beste lyset til denne typen bilete.

Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51
alesund.bibliotek@alesund.kommune.no