Gradvis opning av Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka opnar så smått måndag 25. mai etter å ha vore stengde sidan 12. mars. Det blir ikkje vanleg opningstid, og smitteverntiltaka blir strenge. Alle som skal inn, må sprite hendene og halde avstand til andre folk.
- Det er berre 10 personar som får vere inne i biblioteket samstundes og berre i 15 minutt
- Du kan låne og levere inn bøker, skanne, kopiere og skrive ut
- Du kan ikkje lese aviser, bruke pc eller gå på toalettet
Vi oppfordrar deg til å ha med lånekortet, evt. laste ned Bibliofilappen, slik at du kan bruke sjølvbetjeningsautomat der det er mogeleg.
Opningstid
Ålesund: måndag, tysdag, onsdag og fredag: kl. 12-16, torsdag kl. 15-19
Moa: måndag, tysdag, onsdag og fredag: kl. 10-16, torsdag kl. 12-18
Skodje: måndag kl. 13-16, tysdag kl. 13-19, torsdag kl. 13-19, fredag kl. 13-16
Sjøholt: måndag kl. 12-18, onsdag kl. 12-16, torsdag 12-16
Harøy: tysdag og torsdag kl. 13-16
Brattvåg: tysdag kl. 12-16, torsdag kl. 15-18
Vatne: måndag kl. 15-18
Haramsøy: tysdag kl. 19-21, fredag kl. 17-19
Longva: tysdag kl. 16.30-18.30, torsdag kl. 18-20
Lepsøy: bestill- og-hent etter behov
- {{text}}