Opprett nasjonalt lånekort heimafrå
No kan du opprette eit digitalt nasjonalt lånekort heimafrå. Kortet gir deg tilgang til e-bøker og e-lydbøker, både på norsk og engelsk, og biblioteket sine digitale tenester, som f.eks. Filmbib.
Skjema for nasjonalt bibliotekkort
Kortet blir til slutt godkjent gjennom den digitale ID-porten, m.a. bankID.
Når du har fått eit nasjonalt lånekort, kan du logge deg inn på Mi side for å kome i gang. Her får du oversikt over digitale tenester, opplysningane dine og kva du har lånt.
Ønsker du å låne e-bøker og e-lydbøker? Slik kjem du i gang.
Les meir om dei digitale tenestene her.
Treng du lesetips? Sjå bokanbefalingar for vaksne, ungdom og born, bøker om film og spel her.
NB:
Ålesundsbiblioteka er stengt grunna koronaviruset. Når biblioteket opner, må det digitale lånekortet bli aktivert på biblioteket for at du skal kunne låne med deg bøker heim. Ta med gyldig legitimasjon.