Ålesundsbiblioteka inviterer til digital bokklubb

Det er mange som sit aleine no, utan nokon som kan komme på besøk og halde ein med selskap. Då er det kjekt å kunne vere saman aleine gjennom litteraturen.

Litteratur kan vere ein stad å søke tilflukt, drøyme seg bort til ei anna verd og finne nye perspektiv på tilværet. Litteratur kan også vere eit sosialt samlingspunkt gjennom blant anna diskusjonar, boksirkel og boktips. I desse tider tenkjer vi ved Ålesundsbiblioteka at vi treng meir av dette, og vi har derfor oppretta ein digital bokklubb på Facebook kor ein kan samlast om litteraturen, sjølv om biblioteket er stengt og vi sit i kvar vår stove. Håpet vårt er at dette kan vere ein sosial plattform for deling av litteratur – kva ein les, kva ein ynskjer å lese, inspirasjon, tips og liknande. Alle er hjarteleg velkomne til å dele av sine leseliv, anten det er i karantene med kaffikoppen, ein litteraturpodkast på tur i skogen eller to sider på sengekanten etter ein travel dag på jobb. I den digitale bokklubben vil vi også dele tips, digitale bokarrangement og liknande.

Link til Facebooksida

Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51
alesund.bibliotek@alesund.kommune.no