Tips til aktivitetar

I desse koronatider arrangerer Ålesundsbiblioteka lesebingo med frist for levering 14. april. Her finn du skjema.
Verdas poesidag er på laurdag 21. mars. Her er ein artikkel frå Bibliotekutvikling Vestland med tips til poesi om å vere åleine saman, og om vennlegheit og vilje til å ta vare på kvarandre.

I Nasjonalbiblioteket sitt digitale bibliotek kan du lese tusenvis av bøker utgitt før år 2000 i fulltekst. Prosjekt Gutenberg tilbyr e-bøker utan copyright, dei fleste på engelsk. Verdensbiblioteket tilbyr e-bøker og e-lydbøker på språk frå heile verda.

Bamble bibliotek og litteraturhus har ei rekkje tips om karanteneaktivitetar for barnefamiliar, m.a. gratis lydbok om Brillebjørn og Billedbokhylla, der du finn mange hundre digitale billedbøker for dei minste.

I NRKs TV-arkiv finn du mange godbitar frå tv-historia.

Tips om nettsider: karanteket.no (Nordland fylkesbibliotek), bokelskere.no, goodreads.com, nrk.no/kultur/bok, kvardagsbiblioteket.no

Tips om podkastar: NRK bok, podkastar frå Litteraturhuset, Kjente bøker på 4 minutter (NRK), Leser søker bok, Pokastar frå bibliotek (forslag nedst i artikkelen).

Følg elles med biblioteket på Facebook og Instagram. Vi har laga ei side kalla den digitale bokklubben på Facebook for å skape liv og engasjement omkring litteratur!

Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51
alesund.bibliotek@alesund.kommune.no