Minne

I Ålesund bibliotek sitt inngangsparti finn du ein utstillingsvegg som året rundt prydast med foto frå ulike fotografar. I februar og mars er det studentar frå Ålesund kunstfagskole som stiller ut bilde på galleriet.
I mars heiter utstillinga «MINNE», og denne utstillinga fokuserer på det sanselege.  Her er strukturar som ein kan få lyst å ta på. Her er motiv som får ein til å tenke på vind i håret, eller på ei særskilt lukt. Her er stader og menneske som rører i oss. Minne er assosiativt, og blir ein raud tråd i dei 13 fotografia dei her viser.
I denne utstillinga deltek desse ni studentane: Heidi Ryberg, Ingeborg Farnes, Ronja Grimsø, Alexander Valderhaug, Tanya Ivey, Lukas Lillevold, Linnea Steffenssen, Vanessa Hansen og Peter Opdal.
Bilda er tilgjengeleg i heile biblioteket si opningstid ut mars.

Vi inviterer  til ei opning av utstillinga tysdag 3. mars kl. 18.

Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51
alesund.bibliotek@alesund.kommune.no