Digihjelpa er tilbake!


Har du noko du skulle ha gjort på data eller mobil, men veit ikkje heilt korleis du skal få det til? Då kan du oppsøkje Digihjelpa på biblioteket frå fredag 10. september.
Digihjelpa er eit samarbeid mellom Ålesundsbiblioteka og Fagerlia-Ålesund vidaregåande skule. Elevar frå Vg2 Informasjonsteknologi og medieproduksjon vil vere tilgjengelege ved Moa bibliotek og Ålesund bibliotek fredagar kl. 10-15, og kan hjelpe deg med det du lurer på. Her er noko av det du kan få hjelp med: Smarttelefon og nettbrett, internett og Wi-Fi, sosiale medium, utskrift, epost, nedlasting av spill og appar, fotoredigering og ei rekkje andre ting. Ta med deg PC-en, nettbrettet eller mobiltelefonen og kom innom!

Tid og stad: Moa bibliotek og Ålesund bibliotek fredagar kl. 10-15. Digihjelpa følgjer skuleruta, og er såleis stengt i skuleferiane.

Silje Giske Photography

Silje Giske er i ferd med å gjere hobby om til levebrød og har nett starta eige føretak, "Silje Giske Photography". I september stiller ho ut bilete på fotogalleriet til Ålesund bibliotek.

"Draumen er å leve av hobbyen min. Eg og kameraet høyrer i hop på eit vis, det er slik eg kjenner det"". Det heile byrja yst ute på Staurneset på øya Giske, der solnedgangane er mange og tett på. Slik henta Silje inspirasjon til å ta opp kameraet for omtrent 12 år sidan. Etter kvart har det balla på seg med både erfaring og fotooppdrag. No fotograferer ho alt frå bustadfoto til portrett og abstrakte motiv, og utforskar stadig nye teknikkar med kameraet. Alt er sjølvlærd. I denne utstillinga får publikum sjå eit lite knippe av det siste som har vore med på å inspirere Silje.

Utstillinga kan sjåast i biblioteket si opningstid i heile september.

Velkomen!

Oppdatering av BookBites

BookBites er ein app for å låne e-bøker og e-lydbøker. Tirsdag 17. august skjer det ei stor oppdatering av BookBites, som gjer at brukarane må laste ned appen på nytt.

  • Den 16. august vert appen stengd ned. Ein vil då ikkje kunne bruke BookBites før all data er flytta frå den gamle appen til den nye, oppdaterte appen. Dette vil etter planen vere klart neste dag, 17. august.
  • Oppdateringa inneber at alle brukarar må laste ned appen på nytt. Innloggingsinformasjonen i den nye appen vil vere den same som i den gamle.
  • Lånarane får med seg lån, reserveringar, hugselister og lesehistorikk til den nye, oppdaterte appen.
  • Lånarane får varsel i appen om kva som skal skje. Dei vil også verte guida inn til nedlasting av den nye appen frå 17. august.

Oppdateringa inneber også at utsjånaden og fuksjonaliteten i appen vil vere litt annleis.

For å oppdatere appen, går du til App Store eller Google Play. Søk opp appen og last ned på nytt.  

Vi starter kulturbibliotek!

Bli med på kulturbiblioteket!

Kulturbiblioteket er et tilbud til deg som vil lære norsk, være sosial og oppleve Ålesund.
Kulturbiblioteket vil arrangere aktiviteter som tur på museum, kino og uteaktiviteter for voksne, barn og familier.
Følg med på arrangement i biblioteket, her på hjemmesiden eller på Facebook for å finne kommende aktiviteter.

Tilbudet er gratis.

Kulturbiblioteket er støttet av Møre og Romsdal fylkeskommune og Sparebank1 SMN

Kulturbibliotek

Exit Stallane

Exit Stallane er namnet på fotoutstillinga Rune R. Kleiven stiller ut i fotogalleriet til biblioteket i august. Om bakgrunnen for utstillinga fortel fotografen:

"Det eldste huset i Ålesund sentrum er ei løe. I dag verkar den bortkomen ved sida av herskapshuset vi kjenner som Ålesund Museum, tronande på museumshaugen.

Dette var Rønneberg si løe, og då han bygde prakthuset i nybarokk stil høgt over byen var husdyr ein del av livet i byen. Rønneberg hadde hatt grisar på Grisegjerdet, det som i 1913 skulle bli Øvre Utstillingsplass, over dei moderne "Stallane".

Bøndene kom til byen for å drive handel med dyr, men også for å stille ut dyra til bedømming. Å kome heim med sløyfer var stas, men dette var også viktig i avlsarbeidet for å utvikle gode produksjonsdyr. Då Stallane blei rivne for å gi plass til eit badeland, blei eit kapittel i byens historie lukka.

Dei av oss som har vore så heldige å ha eit nært forhold til husdyr, veit kor ulike dei er. Bruk tid og gå tett på, så ser du kanskje noko du ikkje har tenkt på".

Bileta kan sjåast på Ålesund bibliotek i heile august.

Velkomen!

Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51
alesund.bibliotek@alesund.kommune.no