Framside

Exit Stallane

Exit Stallane er namnet på fotoutstillinga Rune R. Kleiven stiller ut i fotogalleriet til biblioteket i august. Om bakgrunnen for utstillinga fortel fotografen:

"Det eldste huset i Ålesund sentrum er ei løe. I dag verkar den bortkomen ved sida av herskapshuset vi kjenner som Ålesund Museum, tronande på museumshaugen.

Dette var Rønneberg si løe, og då han bygde prakthuset i nybarokk stil høgt over byen var husdyr ein del av livet i byen. Rønneberg hadde hatt grisar på Grisegjerdet, det som i 1913 skulle bli Øvre Utstillingsplass, over dei moderne "Stallane".

Bøndene kom til byen for å drive handel med dyr, men også for å stille ut dyra til bedømming. Å kome heim med sløyfer var stas, men dette var også viktig i avlsarbeidet for å utvikle gode produksjonsdyr. Då Stallane blei rivne for å gi plass til eit badeland, blei eit kapittel i byens historie lukka.

Dei av oss som har vore så heldige å ha eit nært forhold til husdyr, veit kor ulike dei er. Bruk tid og gå tett på, så ser du kanskje noko du ikkje har tenkt på".

Bileta kan sjåast på Ålesund bibliotek i heile august.

Velkomen!