Framside

Skjulte skattar i Ålesund

I Ålesund bibliotek sitt inngangsparti finn de ein utstillingsvegg som året rundt er pryda med foto frå ulike fotografar. I oktober er det Anne Marthe Vestre Berge som skal stille ut bilete, med ei utstilling ho kallar «Skjulte skattar i Ålesund».
Om bakgrunnen for utstillinga fortel fotografen: «Eg har alltid hatt ein forkjærleik for gamle, litt gøymde plassar med mykje historie i veggane. Med fotoapparat og lommelykt har det blitt nokre turar rundt omkring i Ålesund. Ofte saman med Einar Gustavsson eller Jan Olav Flatmark, av og til begge! Då fær eg både selskap og historietime på kjøpet!»

Denne utstillinga er ein liten smakebit på nokre av oppdagingsturane ho har tatt rundt om i vakre Ålesund. Dei fleste bileta er produsert på aluminium, som gjev dei akkurat den industrielle og rustikke utrykksforma som ho er ute etter.
Utstillinga er tilgjengeleg i biblioteket si opningstid i heile oktober.

Velkomen!

  • Treff: 89
Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51
alesund.bibliotek@alesund.kommune.no