Aktuelt

Vi har starta frøbibliotek!

Ålesund frøbibliotek er ein base med frø som du kan plukke med deg heim, så dei og forsøke hauste dei når sesongen er over. Vi har ei rekke ulike sortar - mest grønsaker og urter - og samlinga vår oppdaterast fortløpande. Målet vårt er at frøbiblioteket skal vere berekraftig og gå rundt av seg sjølv, slik at nokon andre kan låne frøa du har hausta neste sesong.Tilbodet er sjølvsagt gratis, og du finn frøbiblioteket på biblioteket i sentrum.

Vi gir ei påminning når perioden for innhausting startar, med tips om korleis du skal gå fram. Vi ønsker også å lage aktivitetar og kurs rundt frøbiblioteket, slik at vi saman kan lære meir om å så og sanke frø, berekraft, og kanskje også å gro grøne fingre.

Har du frø å donere til oss?
Då blir vi veldig glade! Frøa kan du gjerne legge i "skuffa med det rare i" i frøbiblioteket, hugs å inkludere namn på planta og kva tid dei er pakka. Takk!

Ålesund frøbibliotek er drive av Ålesund bibliotek, i samarbeid med Ålesund framtidslab og Ålesund og omegn hagelag.

Hjartleg velkommen til frøbiblioteket!

Frøbibliotek, Berekraft

  • Treff: 34

Ålesundsbiblioteka får 200 000 kr.

 

Nasjonalbiblioteket støttar Ålesundsbiblioteka med kr 200 000 til eit prosjekt som handlar om samarbeid. Målet er sjølvsagt betre bibliotektilbod.
Midlane går til å utvikle eit tettare samarbeid med skulane og skulebiblioteka i kommunen. I tillegg søker vi auka samarbeid med frivillige og vil forsøke ei ordning som vi kallar bibliotekvenn i meiropne bibliotek. Prosjektet vil også vurdere samlokalisering av innbyggartorg og bibliotek på nokre stader i kommunen.
Tildelinga til Ålesund er ein del av ein pott på 15 millionar kroner frå Nasjonalbiblioteket til i alt 45 utviklingsprosjekt i folkebibliotek, fag- og fylkesbibliotek over heile landet. Satsingsområda har vore samarbeid, berekraft og open forsking. Vi er svært glade for å bli satsa på!

  • Treff: 38

Digitalt påskegodt

 

Vi har samla fleire av våre digitale tenester som kan være kjekke å nytte seg av i påska! Hjå oss kan du streame film, høyre lydbok og lese e-bok utan å gå utanfor dørstokken ❤
Tenestene er sjølvsagt gratis 📖

🐣 Lån bøker på ei rekkje språk gjennom Verdensbiblioteket:  verdensbiblioteket.no/
🐣 Strøym filmar gjennom Filmoteket her: https://filmoteket.no/
🐣 Last ned appen Bookbites for å høyre lydbok og lese e-bok på mobil og nettbrett
🐣 Sjå dokumentar- og kortfilm hjå Filmbib her: https://filmbib.no/

God påske ❤

  • Treff: 117

«Identitet» av Antonia Høybakk

I april er det Antonia Høybakk som stiller ut bilete på fotogalleriet til Ålesund bibliotek. Ho kjem opphavleg frå Ukrania, men bur og arbeider i Noreg. Eit viktig tema i Høybakk sin kunst er identitet og røter. Ho er oppteken av menneske, kven vi er og korleis vi har blitt slik. Eit tema ho jobbar mykje med er kvinna si rolle i universet. Med kunsten sin vil ho utfordre publikum til å sjå og tenke annleis, og inspirere til nye assosiasjonar og perspektiv. Kunsten er open for fleire tolkingar, då han ikkje er opplagd. Denne utstillinga kallar ho for «Identitet».

Utstillinga er tilgjengeleg i biblioteket si opningstid i heile april.

Velkomen!

  • Treff: 73

Endra opningstid i påskeveka

Brattvåg
Måndag 29.mars: kl. 11-16
Tysdag 30.mars: kl. 11-16
Onsdag 31.mars: stengt

Sjøholt
Måndag 29.mars: ordinær opningstid
Tysdag 31. mars: stengt

Haramsøy, Harøy, Longva og Skodje: Stengt heile påskeveka
Ålesund og Moa: Ordinær opningstid måndag 29. og tysdag 30. Onsdag 31. mars ope kl. 10-12.

Påskeaftan: stengt overalt

  • Treff: 335
Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51
alesund.bibliotek@alesund.kommune.no